Lukk
Søk
Søk Meny

E16 Dødsvegen

Flotte kritikkar i pressen! BT ga 5 etter urpremieren.
Kjøp billettar
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ca 2 timar inkludert pause

 

Film: Motstroem

 

Ein rasande revy!

Velkommen til vår musikalske, nyskrivne revy med Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve. 

Møt E16: Ein veg som snirklar seg frå Bergen til Voss. Ein veg som tusenvis av bilistar køyrer kvar einaste dag; fleire med hjartet i halsen. For vegen frå Bergen til Voss har fått det ikkje spesielt hyggelege kallenamnet DØDSVEGEN. 

Når Det Vestnorske Teateret går til det merkelege skrittet å lage revy om ein veg (!), så er det fordi dette ikkje er ein vanleg veg. E16 rommar forteljinga som svært mange vestlendingar i meir eller mindre grad har kjent på: Verdiskapinga skjer på Vestlandet - pengane går til Oslo! Kvifor? Er vi mindre verdt?! 

No har ministrane igjen hatt kakefest på Arna stasjon og lova milliardar til prosjektet, men: Blir det noko av? Kan vi sleppe jubelen laus? Eller er det nok ein gong berre valflesk? Det er noko av det vi harselerer med i denne revyen. 

På scenen møter du Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve. Det blir humor, song og musikk! 

Høyr songen “E16” (tidlegare kjend som “E6” med DDE), om trailersjåføren som måtte køyre åtte timars omveg på grunn av ras, og ikkje rakk fram til KK i tide. Møt byråkratane som kjempar for at nyvegen likevel ikkje skal bli noko av. Og møt vossingen som mister alle venene sine, og held på å bli skilt, fordi ho ikkje er redd for å køyre på Dødsvegen!.   

Stykket er skrive av den svenske dramatikaren Klas Abrahamsson, som mellom anna har skrive: musikalen om Arbeiderpartiet, musikalen om den norske oljeeventyret, musikalen om IKEA - og ei lang rekkje andre prisvinnande framsyningar. 

Vi er glade for å ha med oss den erfarne regissøren Catrine Telle. Scenografi og kostymedesign er ved Lise Christensen og koreograf er Hilde Sol Erdal. Begge har jobba mykje ved Det Vestnorske Teateret, blant anna på alle Heim-kapitla. 

 

Kunstnarleg lag: 

Av: Klas Abrahamsson
Omsetjar og dramaturg: Aslak Moe
Regi: Catrine Telle
Scenografi og kostymedesign: Lise Christensen
Lysdesign: Arne Kambestad
Koreografi: Hilde Sol Erdal
 

Songar i E 16 Dødsvegen: 

 

Nordmannen (Millom bakkar og berg).
Tekst: Ivar Aasen/Aslak Moe. Melodi: Ludvig M. Lindeman 

Ku i Tunellen (instrumental)
Melodi: Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen 

Ras, ras, ras (Splitter pine)
Tekst: Kjartan Kristiansen/Aslak Moe. Melodi: Kjartan Kristiansen 

Venner (Vi vandrar saman).
Tekst: Svein Dag Hauge/Knut Brekken. Melodi: Svein Dag Hauge. 

E16 (E6).
Tekst: Idar Lind/Klas Abrahamsson. Melodi: Frode Viken. 

Stejnbrytervisen
(Nisser og Dverge) (instrumental). Melodi: Bernard Eduard Philipp 

Uppå fjellet
Tekst: Kristofer Jansson. Melodi: Halfdan Kjerulf 

Granada 
Tekst: Arthur Johan Bjordal/Bjørn Dalene/Aslak Moe. Melodi: Arthur Johan Bjordal/Bjørn Dalene 

Å velstand, velstand (Å Vestland, Vestland).
Tekst: Tore Ørjasæter/Klas Abrahamsson. Melodi: Sigurd Førsund. 

Vestlandet
Tekst og melodi: Vilde Hjelle/Anna Naustdal. 

Ved Trengereid (Ved Rondane).
Tekst: Aasmund Olavsson Vinje/Klas Abrahamsson/Aslak Moe. Melodi: Edvard Grieg. 

Glad bilist (Optimist).
Tekst: Jahn Teigen/Ove Borøchstein/Knut Meiner/Aslak Moe. Melodi: Jahn Teigen. 

Hageaugestikkaren sin song (Selmas sang).
Tekst: Synne Teksum/Christine Hope. Melodi: Eva Weel Skram/Thomas Stenersen. 

Dei vil alltid klaga og kyta
Tekst: Ivar Aasen. Melodi: (trad.) 

 

 

 

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar

Bilete

Foto: Andreas Roksvåg
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Teatermeldingar

Meldingar etter urpremieren 25. april 2024