Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester – JUL

14. desember 2024
Kl 18:30
Kjøp billetter

Vil du bestille drikke og snacks?

Du kan nå forhåndsbestille varer med eller uten bord i foajeen. Dette gjelder både før forestilling og eventuelt i pausen.

God fornøyelse!

Varighet 

90 minutt, uten pause

Rullestol/ledsager 

les mer: grieghallen.no

Hørselshemmede 

les mer: grieghallen.no

Nettbutikk

Forhåndsbestill servering til arrangementet her

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev


Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester – JUL

Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester

JUL

Det blir julehøgtid og juleglede når Ingebjørg og Odd tek med seg Det Norske
Kammerorkester og lagar storslått konsert i desember. Endeleg var tida inne for dei
to songfuglane å møtast i musikken som høyrer denne tida til: Julesongen.
Tre gonger før har Odd Nordstoga teke med seg kammerorkesteret på juleturné, til
fantastisk mottaking alle stader. Kanskje ikkje så rart. Med femten av landets aller
beste strykarar leia av norsk orkestermusikks levande legende, Terje Tønnesen, er
det lett å bli reve med. Med musikk som spenner frå drivande barokkmusikk til Odd
Nordstogas nye klassikarar, blanda med folkemusikk og dei finaste julesalmer, kva
er det som manglar då?

Ingebjørg Bratland såklart! Og denne gongen er ho med. Femten år gamal stod ho
framom ein mikrofon på heimgarden til Odd i Vinje. Der song ho inn ein song som
heitte «Jul i Svingen». Lite ante ho då om kor kjent denne innspelinga skulle bli. Lite
ante ho at mange år seinare, om ho song den i eit kulturhus kor som helst i landet,
så ville alle i salen kjenne den. Men Ingebjørg kan meir enn å synge «Jul i Svingen».
Ingen har ei stemme som Ingebjørg, og no skal den for fyrste gong på turné og
synge jula inn. Det var på tide, for dette er det mange som gler seg til.

I fjor gav Ingebjørg og Odd ut sitt andre album saman, «Langt heimafrå», og la ut på
ein stor turné. Det vart ein stor suksess, med over 50 000 storfornøgde
publikummerar frå nord til sør. Men no er det jula det skal handle om. Ingebjørg, Odd
og Det Norske kammerorkester skal lage ein julekonsert som berre dei kan gjera det.
Vel møtt til eit heilt unikt samarbeid. På scena er det nitten mann. Sytten fantastiske
musikarar, to flotte artistar og den beste musikken. Det skal bli – JUL!

På scena:
Odd Nordstoga
Ingebjørg Bratland
Thomas Gallatin: Trommer
Bjarne Gustavsen: Piano
Det Norske Kammerorkester
Konsertmeister: Terje Tønnesen